Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Kvifor Vang?
Gode grunnar for å flytte til fjells

Fjellbygda ved foten av Jotunheimen

Vang er møtepunktet mellom aust og vest – der lugn austlandsnatur går over i ville vestlandsfjell. Når du bur i Vang har du naturopplevingane tilgjengeleg rett frå dørhella, og dei store fjelleventyra i Jotunheimen er berre ein kort tur unna – sommar som vinter.

Image
Vang sentrum med Vangsmjøsa og tinderekka i Jotunheimen bak, sett frå Grindane.

Friluftsliv frå dørhella heile året

Naturopplevingane ventar rett utanfor døra – anten du foretrekk dei trivelege småturane, eller søker større og brattare utfordringar. Sjekk guiden til naturopplevingar i Vang på Outdooractive.


VBU & Vangshallen

I Vang finn du eitt av fjellheimens mest moderne skuleanlegg


På Vang barne- og ungdomsskule (VBU) er alle grunnskuletrinna i Vang samla på ei moderne skule med omlag 200 elevar. På skulen finn ein også Vangshallen, symjebasseng, klatrevegg, kulturskule, bygdekino og ungdomsklubb.

Som elev på VBU får du også mykje friluftsliv på timeplanen. Kanopadling, rafting, 3-dagars overnattingstur i Jotunheimen, overnatting ute både sumar og vinter, toppturar på ski og sykkelturar er noko av det som ventar deg i løpet av skuleåra.

Image
Vang barne- og ungdomsskule med Vangshallen i forgrunnen.

Harde fakta

Ting og tang som kan vera kjekt å veta om Vang






Du + 1 635 andre

Om du flyttar hit må du pårekne å dele bygda med 1 635 andre vangsgjeldingar. Vi oppfører oss stort sett fint.

1 505 km² på deling

Vi har cirka ein kvadratkilometer kvar å boltre oss på. Greit med rom for litt armsleng utan å forstyrre naboen!

2 208 moh

Vestre Kalvehøgda er høgste punkt i kommunen, og eitt av mange fjell over 2000 meter i vår del av Jotunheimen.



Ei skule for heile bygda

Alle skuletrinn er samla på nyrenoverte Vang barne- og ungdomsskule, 10 minutts gange frå Klukkargrende.

To barnehagar

Vang har barnehagar i Høre og på Fredheim i Vang sentrum, med flotte fasilitetar og god barnehagedekning.

Idrettsbygda

Vang har fleire aktive idrettslag med tilbod for både born og vaksne. Les meir om kva ein kan gjere på fritida i Vang.



Kulturbygda

Vang er åstad for Vinjerock i juli kvart år, og har ellers i året eit godt tilbod av teater, konsertar og bygdekino – for å nemne noko.

Gode naboar

Vang grensar til Vestre Slidre, Øystre Slidre, Vågå, Lom, Luster, Lærdal, Årdal, Hemsedal. Midt i smørauget, med andre ord!

Vil du veta meir om Vang?

Ta ein kikk på Vangswiki'en på vangivaldres.no – som for øvrig er ei god kjelde til innsikt alt som skjer i bygdelivet i Vang.

Image
Padling i kveldssol på Nørre Syndin.

Glimt frå bygdelivet

Vang er ei lita bygd med stor plass og unike naturkvalitetar.




Image Title
Bygdebadstova i Vang sentrum. Foto: Cathrine Dokken.



Image Title
Fjellskitur i Jotunheimen. Foto: Hallgrim Rogn.



Image Title
Haustkveld i fjella ved Vennis.



Framleis ikkje overtydd?

Ta turen til fjells, så viser vi deg gjerne fleire av godbitane bygda vår kan by på.


Image Title