Velkomen til Klukkargrende
Klukkargrende er eit nytt bustadområde ved Vang sentrum, som i løpet av dei neste åra skal utviklast med 8 nøkkelferdige bustader for fjellfolk som ynskjer seg moderne husvære tett på naturen. Prosjektet blir utvikla av to småbarnsfamiliar som sjølve skal busetje seg i området, i tett samarbeid med dyktige fagfolk i Taktil Arkitekter og Vang Bygg.
Tett på kulturlandskapet
Klukkargrende bustadområde ligg på ein sørvestvendt kolle midt i kulturlandskapet i fjellbygda Vang – med storslått utsyn og bygdas beste soltilhøve.
18 mål - 8 tomter
Klukkargrende dekkar eit område på totalt 18 mål, kor det er sett av plass til 8 tomter av ulik storleik, samt fellesareal til m.a. parsellhagar, leikeplass og øvrig teknisk infrastruktur. Om du ynskjer å gjere deg betre kjent med plankart og reguleringsføresegner har vi samla eit knippe relevante dokument på denne sida som du kan kose deg med.
Skånsom utbygging
Utbygginga av Klukkargrende skal gjerast med minst mogleg naturinngrep, for å ta vare på dei unike kvalitetane som finst i området. Den eksisterande vegetasjonen i området skal skjøttast og ivaretakast i størst mogleg grad, for å minimere landskapsverknaden av utbygginga – og for å sikre at vi som bur der får den perfekte miksen av privatliv og storslått utsyn.
Fysen på å sjå meir?