Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Velkomen til fjells Velkomen til fjells Velkomen til fjells
Fritid
Kort veg til store eventyr

Vang – ein heilårs leikeplass for heile familien

Å finne utandørs aktivitetar Vang, sumar som vinter, er ikkje vanskeleg. Uansett om du er på jakt etter bratte fjellsider, luftige traversar, milevis med langrennspor eller merka turstigar, så kan Vang levere. Organiserte treningar, fleire titals lag og foreiningar finst også. Fritida får fort bein å gå på!

Image
Det finst flust av gode turmål også for dei minste i familien, her frå fjella ved Vennis.

Vang på to hjul

Ein sykkeltur kan vera så mangt. Nokon likar det bratt, andre likar det raskt. Uansett format finst det alternativ i fjell og skog i Vang. Med eit særs godt utvikla stinett, både over og under skoggrensa, finn ein stisykling av høg kvalitet i nabolaget til Klukkargrende.

Det store nettverket av stølsvegar er perfekt for både mosjon og familieturar på sykkel. Vi har og ein liten sykkelpark for born og vaksne som ynskjer å utfordre seg på hopp, pumping og svingar.

Vang til fots

Med fjell i alle himmelretningar, har den som likar fjellturar eit fantastisk tilbod i Vang. På trass av fleire 2000-meterstoppar i Jotunheimen, er det dei nære bygdefjella, som Grindane, Skjøld, Skutshødn og Hugakøllen som vert mest brukt. Dette er ikkje utan grunn, då ein fint kan nå dei fleste toppane på ein ettermiddag. Sjølv om toppen ikkje alltid er målet, er Vang generelt relativt fint å vera på tur i.

Image
Utsyn frå toppen av Grindane – ein flott familietur eller treningstur etter jobb.

Vang på ski

Anten du likar preppa trikkeskinner, eller om du er ein laussnøfantast, treng du ikkje køyre langt frå dørhella før du må spenne bindingane. Både under og over tregrensa fins det noko for einkvar. På Filefjell og i Raudalen finst det skitrekk, og med Jotunheimen som næraste nabo, er dagsturar i fjellheimen også lett gjennomførbart. Dei lokale heltane er ikkje vanskelege å spørja om du er ute etter eit tips, eller turfølge, i ny og ne.

Image Title
Langrennsløyper ved Grindafjell, ein kort køyretur frå Klukkargrende.



Image Title
Topptur på Heensfjellet.



Image Title
Eventyrlege turar i Jotunheimen er kort veg unna.

Klatring i Vang

Stein og fjell er overskotsvare i Vang, noko som betyr eit fint utval klatremoglegheiter. Vang klatreklubb syter for eit hyggeleg og sosialt klatremiljø, med to klatreveggar og ein buldrevegg. Året rundt kan du klatre i Vangshallen, og når tilhøva tillet det finst fleire vertikale utfordringar ute.

Og ellers...

I Vang er det over 40 frivillige lag og foreningar. I korte trekk; moglegheiter for å få pleia eit breidt spekter av interesser. Ein kan mellom anna halde på med fotball, volleyball, innebandy, handball, turn, symjing, langrenn, korsong, alpint og spele ulike instrument, for å nemne noko. Sjå nettsida til Vang frivilligsentral for ein oversikt over alle lag og foreiningar.


Image Title